Hei, og velkommen til eit nytt semester med Vektorprogrammet! 

Påmeldinga er no opna, for assistentar i Bergen, Oslo og Trondheim! Du finn påmeldingsskjema under Opptak & Kontakt i menyen ovanfor. Her er det berre til å velje riktig region og fylle ut skjemaet, så er du påmeldt. Det er så enkelt! Om dette er første gong du deltek vil du bli kalla inn til eit kort intervju der me vil bli betre kjend med deg, og dersom du har delteke tidlegare er du faktisk garantert å få bli med igjen! All denne informasjonen kjem på mail, så det er viktig at du skriv inn epostdressa di riktig. Søknadsfrist for dei aktuelle regionane finn du på opptakssida.

Hugs at du må melde deg opp på nytt sjøl om du skreiv deg på interesselista før jul. Det er dette som er den endelige påmeldinga, og de skal ha fått info på mail.

Dersom det er noko som helst du lurar på om opptak, kva Vektorprogrammet er og gjer, tips og triks i matte 2, eller kva som helst anna er du velkommen til å ta kontakt. Anten du stikk innom på stand, sender oss ein epost, nyttar kontaktskjemaet på opptakssida, sender oss ei melding på Facebook eller stikk innom standen vår for å få gratis kaffi skal me love deg at du blir tatt godt i mot og at me skal svare så godt me klarar! 

Me ser fram til å bli kjend med deg, og dersom me kjenner deg allereie ser me fram til å bli betre kjend! 

Tvi, tvi! Og lykke til med det nye semesteret!