Vektorprogrammet er norges største organisasjon for realfagsrekruttering. Me sender realfagssterke studentar ut som assistentar i matematikktimane på ungdomsskulen. På denne måten når me ut til alle elevane, og ikkje berre dei som allereie er interesserte. Elevane får ekstra hjelp, lærarane får fleire kompetente vaksne i undervisningssituasjonen, og studentane får reell erfaring med læraryrket samt ein supergod attest å leggje ved CV'en. 

No har tida kome for å starte opp Vektorprogrammet i Tromsø! 

Til dette arbeidet treng me å opprette ei lokal arbeidsgruppe, i form av leiar, nestleiar og rekrutteringsansvarlig. Denne gruppa får igjen ansvaret for å ta opp så mange dei treng til det vidare arbeidet, med mål om å være klare til å sende ut studentar til ein skule på hausten 2016. 

Ved å delta i Vektorprogrammet får du være med å forme ein organisasjon i utvikling, og som leiar vil du få mykje frihet til å byggje opp ein lokal avdeling slik du meiner det er best. Du vil samarbeide tett med vårt hovudstyre i Trondheim, og du vil få tilgong på alt me har opparbeida av erfaringar frå tidlegare utvidingar, men me vil ikkje leggje føringar på korleis du skal løyse utfordingar som måtte oppstå. Det er viktig for oss at Vektorprogrammet er ein nokolunde lik organisasjon, uavhengig av kvar i landet ein måtte møte på oss, men samtidig er det du som kjenner miljøet og studentane her i Tromsø best. Me stolar på deg! 

Dei tre verva me søkjer, er:

  • Leiar, med overordna ansvar for Vektorprogrammets drift i Tromsø.
  • Nestleiar, med delansvar for Vektorprogrammets drift i Tromsø.
  • Rekrutteringsansvarlig, med ansvar for sosiale og faglige arrangement for dei deltakande studentane.

Dersom du treng meir informasjon er det berre til å ta kontakt med oss på stand utanfor kantina i Realfagsbygget på UiT, eller ved å sende ein epost til eksportansvarlig@vektorprogrammet.no. Me har også eit infomøte 10. mars, klokka 16:15. Arrangementsinfo finn du på Facebook.

 

Me ber om at søknadar sendast inn på nettet. Du finn søknadsskjema her.

 

Me vonar me ser deg på standen vår!, og me gledar oss til å samarbeide med deg!